Viviann Karlsbakk // Fryvil redesign

Viviann Karlsbakk // Fryvil redesign

Saum og design, med fokus på gjenbrukstekstiler

Eg er Viviann, utflytta sunnmøring, sygal og med skapertrang frå fødsel. Eg har ei sosionomutdanning i bagasjen, men har innsett at det er bak symaskina eg trivast best.

Etter å ha lest ein artikkel i A-magasinet i 2008 om redesign, blei det byrjinga på min lidenskap for nettopp redesign av tekstiler.

Sydd har eg gjort frå eg var lita jente, so fekk med meg eit år på Kjole og Draktsaum etter grunnskulen. Eg hadde ei mormor som var syerske og ein morfar som var møbelsnekker, so gleda ved å skape har eg vel vore heldig å arve.

Eg har hatt verkstad og butikk i Ås i mange år. Har også hatt kjolevisning på Ås Martn fleire gonger, og vore med å halde sykurs.

Det er kjoler det har blitt mest av, og då gjerne med broderte strofer frå nynorsk poesi. Men også bukser, skjørt, bluser og kåper. Det er tekstilane eg får tak i, som bestemmer vegen videre, og kva dei skal bli til. Mindre saum som vesker, mapper m.m kan du også finne hos meg no.

Eg elsker heile konseptet ved å redesigne, gjenbruke og omskape. Det er noko spennande og berikande ved å gi nytt liv til avlagde tekstiler, dukar, broderier og anna handarbeid.
Samstundes blir ein utfordra kreativt når ein har begrensa med stoff og materialer å jobbe med, og heile tida må improvisere for å komme i mål. Det blir ei drivkraft i å jobbe på den måten, som gir meg mykje.

• Om du har tekstiler du vil skal bli med deg videre, so kan eg ta oppdrag på bestilling.
• Tek også litt anna saum som gardiner, justeringer og reparasjoner om eg har tid.
• Eg har kurs i montering av sunnmørsbunad, so kan vere behjelpelig med justeringer av bunader.
• Håper også å få på plass sykurs på Fabrikken etterkvart.

Ønsker deg velkommen innom, eller ta kontakt på telefon eller Mail om du ønsker.

Fryvil logo

Social media: 
Instagram.com/Fryvilredesign
Facebook.com/Fryvilredesign

E–post: 
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Telefon: 

99 57 19 76

Åpningstider: 

Eg har ikkje faste åpningstider enda, då eg er deler av tida på Ås, men er for det meste å treffe på dagtid på Fabrikken.


IMG 2150IMG 2150IMG 2150IMG 2150IMG 2150

Date

09. februar 2021

Tags

Design



SAMARBEIDSPARTNERE:

Coworking Norge Logo zwwHinn innlandet fylkeskommune Visit Lhmr  Lhmr regionen

FAB Jubileumlogo 15aar LANG LR       Utvikling: Webio // Design: Vakker Design