Viviann Karlsbakk // Fryvil redesign

Viviann Karlsbakk // Fryvil redesign

Saum og design, med fokus på gjenbruksmaterialer og restar

Viviann Karlsbakk i Fryvil Redesign er inspirert av vakre tekstiler, design og fargar. Gjenbruk og bærekraft har sidan 2009 prega produksjonen hennar av redesigna kjoler, vesker, puter og andre produkter.
Dei store mengdene med kle og tekstiler vi omgir oss med har ofte ufortent kort levetid, og endar med å bli kasta fordi dei ikkje lenger fungerer slik dei er. Tekstilproduksjonen er i dag ein miljøversting, og bidreg til store utslepp av klimagassar. Ved å redesigne, ombruke eller reparere kle og tekstilar, kan dei få forlenga levetid, eller bli til nye produkt.

Fryvil tilbyr lokalproduserte handlaga kle og produkt, der design, godt handtverk og omtanke er ei ønska motvekt til fast fashion og forbruk.

I januar 2021 blei Fryvil del av Fabrikken i Lillehammer og har eigen verkstad i sørfløyen.
Viviann kan hjelpe til med både reparasjonar, omsaum og andre saumoppdrag. Ho tek også imot bunader for inn og ut-justeringer. Om du er innom Fabrikken, finn du eit godt utval av redesigna kle, vesker og mapper i sørfløyen. I tillegg dekorative og praktiske stofflokk, brødposer, fruktposer, bomullspads m/vaskepose m.m, som er fine erstatninger for plast og bruk og kast artikler.
Viviann held jevnleg ulike sykurs og redesignkurs, både for nybegynner og deg som er litt meir erfaren ved symaskina.
I 2021 var Viviann med å etablere bedriftsnettverket Lillehammer Reparerer, som har som formål å framme reparasjon, ombruk og sirkulærøkonomi i regionen vår.

Velkommen innom verkstaden i sørfløyen!

Fryvil logo

Social media: 
Instagram.com/Fryvilredesign
Facebook.com/Fryvilredesign

Instagram Lillehammer Reparerer: Instagram.com/LilleRep
Facebook Lillehammer Reparerer: Facebook.com/LilleRep

E–post: 
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Telefon: 

99 57 19 76

Åpningstider: 

Kvardager, vanlegvis kl. 9.00 - kl. 16.00, eller etter avtale.


IMG 2150IMG 2150IMG 2150IMG 2150IMG 2150

Date

09. februar 2021

Tags

Design/redesign, Reparasjon



SAMARBEIDSPARTNERE:

Coworking Norge Logo zww innlandet fylkeskommune Visit Lhmr  Lhmr regionen

FAB Jubileumlogo 15aar LANG LR       Utvikling: Webio // Design: Vakker Design