Slide background
Fabrikken
Fabrikken
Viviann Karlsbakk // Fryvil redesign

Viviann Karlsbakk // Fryvil redesign

Saum og design, med fokus på gjenbrukstekstiler

Eg er Viviann, utflytta sunnmøring, sygal og med skapertrang frå fødsel. Eg har ei sosionomutdanning i bagasjen, men har innsett at det er bak symaskina eg trivast best. 

Etter å ha lest ein artikkel i A-magasinet i 2008 om redesign, blei det byrjinga på min lidenskap for nettopp redesign av tekstiler. 

Sydd har eg gjort frå eg var lita jente, so fekk med meg eit år på Kjole og Draktsaum etter grunnskulen. Eg hadde ei mormor som var syerske og ein morfar som var møbelsnekker, so gleda ved å skape har eg vel vore heldig å arve. 

Eg har hatt verkstad og butikk i Ås i mange år. Har også hatt kjolevisning på Ås Martn tre gonger, og vore med å halde sykurs. 

Det er kjoler det har blitt mest av, og då gjerne med broderte strofer frå nynorsk poesi. Men også andre typer plagg, og mindre ting som vesker, puter og mapper. Det er tekstilane eg får tak i, som bestemmer vegen videre, og kva dei skal bli til.  

Eg elsker heile konseptet ved å redesigne, gjenbruke og omskape. Det er noko spennande og berikande ved å gi nytt liv til avlagde tekstiler, og særleg er det givande å gjenbruke dukar, broderier og anna vakkert handarbeid. 

Samstundes blir ein utfordra kreativt når ein har begrensa med stoff og materialer  å jobbe med, og heile tida må improvisere for å komme i mål. Det blir ei drivkraft i å jobbe på den måten, som gir meg mykje. 

• Har du tekstiler du vil skal bli med deg videre og bli til noko anna?
• Treng du hjelp med reparasjoner, retttingar eller anna saum? 
• Har du lyst til å lære å sy? Eller er du interessert i redesign? Du er velkommen på våre sy og redesignkurs.

Ønsker deg velkommen innom, eller ta kontakt på telefon eller mail om du ønsker :)

Fryvil logo

Social media: 
Instagram.com/Fryvilredesign
Facebook.com/Fryvilredesign

E–post: 
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Telefon: 

99 57 19 76

Åpningstider: 

Kvardager, vanlegvis ca 9-16 eller etter avtale.


IMG 2150IMG 2150IMG 2150IMG 2150IMG 2150

Date

09 February 2021

Tags

Design



PARTNERS:

Coworking Norge Logo zwwHinn innlandet fylkeskommune Visit Lhmr  Lhmr regionen

FAB Jubileumlogo 15aar LANG LR       Utvikling: Webio // Design: Vakker Design